Startpage





download musicfile

Livet og Døden
Stiklestad-tonane: dikt 1961.



Det seiest så mykje om livet
og døden som klypper det av.
Skulle eg helvta skrive,
då kom eg vel aldri i grav.

I

O l d     v i t n a r:

Sæl er den mannen som stuper ung!
Då slepp han den kneiken som støtt er tung.

Fyrst kan han seia sitt unge ord,
deretter kvile seg trygt i jord.

Verre for den som får seia det
og sidan med livet sitt greia det!

Verre for den som legg opp ein veg
og fylgjer han livslangt steg for steg.

Verre å leva det ein har sagt
enn døy på eit egg som ein nyst har lagt.

Lett er å lyfte dei store ord
og lata seg mylde i vårmjuk jord!

Tungt er å bera si lære fram
til høgaste varden på fremste kam!

II

Y n g d     k v e d:

Sårast for den som må døy ifra
det livet han stunda og venta på.

Tungt er å døy før ein leva fekk;
det er å gå før dei andre gjekk.

Hardt er å gje før ein sjølv har fått.
Allting er tapt når ein stuper brått.

Ung er å leva, gamal å døy.
Ungdom er blomen, alder er høy.

Blomen skal stå til han set sitt frø;
då kan han falle, då kan han blø.

Hard er nok handa som gjev den tukt
å tyne livet før det ber frukt.

III

V i s d o m     v e i t:

Livet - ein vev som må klyppast ned.
Døden er saksa som greier det.

Saksa ho tek både yngd og old.
Blomen og høyet blir båe mold.

Ein gong gjev molda det bundne fri
lik fivreld som flyg ifrå puppa si.



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.